Om oss
Bilskadesenteret Voss – Etablert i 2005

Vår historie

Bilbransjen på Voss er kjent for sitt samarbeid langt utanfor kommunegrensene, og har tradisjonar for dette gjennom fleire tiår. Når vi no ser at Bilskadesenteret Voss reiser seg i Skulestadmoen, er dette eit resultat av hundrevis av timar med planleggjing og tilpassing.

Prosessen starta med at det tradisjonsrike bilfirmaet Johs Seim Bil vart slått sammen med Biltunet Voss og flytta til Skulestadmoen. Det vart då planlagt at karosseriavdelinga skulle flyttast til dei gamle verkstadslokala til Voss Bil as. Midt i denne prosessen vart HMV kontakta med spørsmål om dei var interesserte i å vera med på eit spennande prosjekt? Dei tok utfordringa.

Behovet for større lokal melde seg fort, og tomta som vi i dag byggjer på, vart eit naturleg val lokalisert i ein flott natur mellom Lønahorgi, Lønavatnet og Vangsvatnet.

Bilskadesenteret Voss tek sikte på å plassera seg høgt på lista over godkjende verkstader, og dette vert gjort med hjelp av dyktige medarbeidarar, gode verktøy og nye og fine lokalitetar. Vi har no samla kompetansen som er bygd opp gjennom arv frå krigens dagar, og meiner med rette at vi har nødvendig ballast for å kunne levera.

Målet vårt er i løpet av kort tid å kunne presentera eit komplett velværesenter med bilen i fokus.

Med helsing
Knut og Jon Geir