Ledige stillingar

Bilskadesenteret Voss AS ligg lokalisert i Skulestadmo ca 4 km frå Voss sentrum. Me er eigd av HMV Bilsenter og Biltunet Voss AS. Selskapet vart etablert i 2006 og flytta inn i nye lokale for å driva med bilskade, lakkering og glass som hovedfagfelt. Skadeprosessane er i stadig endring, og over tid har ein større del av takstarbeidet og arbeidet med kommunikasjon mellom kundar og forsikring vorte fl ytta over på verkstadane.
Me treng å styrkja vår administrasjon med oppgåver som skadetakst, oppfølging av prosesstyring mot forsikring, kundekontakt og verkstadstyring og søkjer med dette etter:

KUNDEHANDSAMAR / TAKST

Arbeidsoppgåvene vil vera kundekontakt, taksering av skadar for tilbod til forsikring eller kundar. Verkstadplanlegging mot deler av verkstaden og oppfølging av utført arbeid.

Det er ynskjeleg med utdanning innan bil, men relevant erfaring kan også vurderast. For å kunna benytta DBS takstverktøyet, må ein reisa på kurs for opplæring. Søkjar må beherska norsk skriftleg og muntleg.

Søknadsfrist: 25. august

Send søknad til:
Bilskadesenteret Voss AS
Storrviki 15
5710 Skulestadmo

eller på e-post til: jon.geir@bilskadevoss.no

Spørsmål kan rettast til:
Dgl. Jon Geir Rio tlf: +47 913 66 407