Forsikringsskade
Me hjelper deg med alt fra takst til reparasjon.

Forsikringsskade

Me hjelper deg med alt fra takst til reparasjon.

Om du har ein forsikringsskade på bilen hjelper me deg med alt frå takst til reparasjon og me avtalar direkte med ditt forsikringsselskap slik at det er enklare for deg.

KONTAKT OSS PÅ TELEFON +47 56 52 88 88

Kva gjer eg dersom eg får ein skade på bilen?

Dersom du ikkje kan køyra bilen , og står vanskeleg plassert, bør du flytta han med ein gong for ikkje å hindra anna trafikk, eller for å unngå farlege situasjonar.

Kva skjer vidare?

Bilen vert taua til verkstaden vår, der me vi set i gang med taksering og behandling av sjølve skaden med ein gong, delebestilling, demontering og reparasjon.

Bilen vert reparert i samsvar med takst slik det går fram av data frå bilfabrikanten, og megjennomfører ein  kvalitetskontroll på bilen før overlevering.

Oppgåvene dine:

Skriv skademelding saman med motpart dersom det er samanstøyt mellom to eller fleire kjøyretøy.

Ring forsikringsselskapet ditt og forklar det som skjedde. Det er ikkje alltid forsikringsselskapet treng skriftleg skademelding ved eineulukker. Difor er det greitt å ta ein telefon så snart som mogeleg. Hugs å notera ned skadenummer og om du har rett til leigebil. Meld frå kvar bilen er sett inn.

Forsikringsopplysningar finn du som oftast i hanskerommet i bilen saman med vognkort og instruksjonsbok.
Dersom du ikkje er sikker på kvar bilen er forsikra, kan me finne det ut for deg eller du får desse opplysningane hjå Statens vegvesen Tlf:  02030

Samabeidspartnarane våre på Voss:
Voss Bilberging tlf: 56 51 53 00 (NAF og FALCK)
Voss Bilhjelp tlf. 56 51 27 00 (VIKING)